Velkomen

Opshaug Sandtak AS er ein av dei største aktørane på betong, anleggsverksemd og masseleveransar på Sunnmøre. Vi har over 60 års fartstid i bransjen og våre 45 ansatte har lang erfaring og gode kunnskapar om faget. Opshaug Sandtak AS driv verksemd over heile Nordvestlandet, med base i Stranda Kommune på Sunnmøre.

Vi utfører gravetjenester, sprenging og transport til alle typar grunnarbeid. Opshaug leverar også ferdigbetong til små og større prosjekt. Vi har knuseverk og kan levere alle typar knuste fraksjonar til konkurransedyktige prisar, inkludert naturmurstein, frå våre massetak på Stranda, Valderøy og i Brattvåg.