Om oss

Opshaug Sandtak AS er ein av dei største aktørane innan betong, anleggsverksemd og masseleveransar på Sunnmøre. Vi har over 60 års fartstid i bransjen og våre 45 ansatte har lang erfaring og gode kunnskapar om faget. Opshaug Sandtak AS driv anleggsverksemd over heile Nordvestlandet, med base i Stranda kommune på Sunnmøre.

Vi utfører gravetjenester, sprenging og transport til alle typer grunnarbeid. Opshaug leverer også ferdigbetong til små og større prosjekt. Vi har knuseverk og leverer alle typer knuste fraksjonar til konkurransedyktige prisar, inklusiv naturmurstein, frå våre massetak på Stranda, Valderøy og i Brattvåg.

I Opshaug Sandtak AS er vi opptekne av å følgje utviklinga i vårt fag, både praktisk og når det gjeld teknologi i gjennomføringa av våre prosjekt. Vi har derfor elektronisk registrering av alle arbeidstimar via smarttelefon, som gjev oss nøyaktigheit og tryggleik i forhold til fakturering.

Gjennom medlemskapet i MEF er vi tilknytta organisasjonen sitt kvalitetssystem som omfattar elektronisk registrering via smarttelefon, av kvalitetssikrings- og HMS-arbeid.

Opshaug Sandtak AS har sentral godkjenning. 

Saman finn vi gode løysingar. 

 

Historie

På Opshaug har det vore industri heilt tilbake til 1920-talet. Då frakta dei sand, som vart spadd for hand i ei lang og solid vassrenne, som førte sanden ned til sjøen der dei støypte betong- takstein.

Januar 1958 starta Torbjørn og Oddvar Opshaug firmaet Opshaug Sandtak. Verksemda den gong dreiv med uttak og sal av sand. Maskinparken dei hadde å hjelpe seg med var ein Bedford bensin, ein traktor med lesseapparat og eit sikt. Den første knusaren kom i 1963, og den første hjullasteren to år seinare. I 1974 vart det bygd ein betongstasjon, og denne var i bruk heilt til år 2000, då den nye stod ferdig. 

I 1970 vart firmaet omgjord til aksjeselskap og den første gravemaskina kom til gards på 80-talet. Sønene Lars-Tore og Jens Petter tok på nittitalet over firmaet, og har sidan den gong bygd vidare på det som Torbjørn og Oddvar starta fleire år tidlegare.

I år 2000 vart Opshaug Sandtak AS godkjend som lærlingbedrift og har sidan den gong fostra fleire dyktige lærlingar. 

Tidleg i 2011 vart aksjeselskapet Opshaug & Moe Fjellsprengning AS stifta. Dette er eit firma som driv med boring og sprenging, og er eigd av Opshaug Sandtak AS og Moe Entreprenør AS. Jens Petter Opshaug er styreleiar i selskapet.

ABO Høvelservice såg dagens lys på slutten av 2011 og er resultat av nok eit samarbeid, der både Aco Anlegg AS, Busengdal Transport AS og Opshaug Sandtak AS er aksjonærar og eigarar. Lars-Tore Opshaug er dagleg leiar i selskapet.